Lenge hamna dikta i skrivebordsskuffen. No debuterer den pensjonerte norsklektoren Kjell Rune Sørensen med Den kvite lyden, ei samling stillferdige dikt om tid, minne og møtet mellom det analoge og det digitale.
Skrivegleda har følgt Kjell Rune Sørensen heile livet. Som barn og ungdom skreiv han lange brev til slekt og venner, side opp og side ned, og den vanen har han tatt med seg inn i den digitale tidsalderen.
– Eg skriv framleis altfor lange sms-ar, får eg høyre både tidt og ofte. Denne hangen til utbrodering prøver eg vel å bøte på i poesien min, seier han med eit smil.
Sørensen er fødd i Måløy i 1952 og vaks opp i industribygda Øvre Årdal. Litteraturen har vore viktig for han gjennom heile livet, heilt sidan han oppdaga at han hadde knekt lesekoden i 6–7-årsalderen.
– Det var ei sterk mental oppleving som sit i meg til denne dag. Eg slukte alt eg kom over av relevant lesestoff, det vere seg vekeblad eller Hardy-guttene.
På gymnaset møtte han ein framifrå norsklærar som vekte interessa for «skikkeleg» litteratur, og ikkje minst for lyrikken.
– Eg kjøpte mi første diktsamling på Mammut. I 1970, trur eg det var. Over eit anna hav av Johan Tufteland. Berre tittelen er eit hav av poesi i seg sjølv.
Interessa for språk og litteratur blei etter kvart til eit yrke. Sørensen er utdanna norsklektor med hovudfagsavhandling om Jon Fosse, og han har undervist i vidaregåande skule i Bergen der han har budd sidan 70-talet. No er han pensjonist og nyt fridomen til å skrive, spele klassisk gitar og gå på tur i Langeskogen med puddelen Noël.
Poesi har han lese mykje av heile vaksenlivet, men den seriøse diktskrivinga tok han ikkje fatt på før han blei pensjonist, og det meste hamna i skrivebordsskuffen.
– Men så begynte slekt og venner å bearbeide meg meir og meir: Kvifor ikkje gje ut tekstane dine i ei bok? Lenge var eg ikkje interessert, sannsynlegvis grunna dårleg sjølvtillit, men etter kvart har eg gitt etter for «presset».
Ein vakker dag tømde han skrivebordet og sende rubb og stubb til eit forlag, med spørsmål om dei ville lage bok av det.
– Dei må jo kunne plukke ut dei beste tekstane og sette saman ei bok, tenkte eg. Det gjekk ikkje lang tid før eg fekk bunken i retur utan kommentar. Ein kommentar god nok til å få meg til å tenkje at diktbøker må kuraterast, at dei må ha ei retning, til liks med all kunst.
Dermed begynte han å velje strengt ut det han meinte høyrde heime i ei bok. Manuset blei etter kvart mykje tynnare – og heilt sikkert mykje betre enn den opphavlege bunken, som han seier sjølv. Til slutt fann han eit forlag som viste interesse for arbeidet.
Nokre av dei som har lese tekstane hans, plasserer dikta i ein nordisk, modernistisk tradisjon.
– Eg veit ikkje heilt kva det er. Men om eg skal prøve å karakterisere mi eiga skriving, vil eg seie at eg skriv stillferdige tekstar, utan store gestar og fakter.
Blant diktarar som har betydd mykje for forfattaren, nemner han Olav H. Hauge, Tarjei Vesaas, Hans Børli, Rolf Jacobsen og Jan Erik Vold. Av samtidige poetar trekker han fram Ingrid Nilsen, Cecilie C. Østreng, Erlend Nødtvedt og Simen K. Nielsen.
– Eigentleg kunne eg ha fylt heile sida med namn på poetar eg har sansen for, seier han.
Dikta i Den kvite lyden krinsar om forholdet mellom det digitale og det analoge. Språket er stillfarande og av og til musikalsk. Og når det gjeld innhald, undersøker dikta tid, minne, tap og nærvær, med utgangspunkt i kvardagslege erfaringar og kulturelle referansar (t.d. gamle fotografi og grammofonplater, eller musikken til Arvo Pärt, Beethoven og John Cage). Som det seiast i vaskesetelen: Her ligg støvet og sommarlyset frå barndommen, musikk som opnar rom i stilla og eit språk som prøver å halde fast i det som glir unna.
For debutanten handlar det om å skape eit poetisk landskap der det analoge møter det moderne, og der det personlege opnar seg mot noko allment.
– Eg håpar at boka vil invitere lesaren til å stoppe opp og lytte etter den kvite lyden. Kanskje vil ho gje svar på kva den kvite lyden er, gjennom enkelttekstane eller gjennom boka som heilskap, seier Kjell Rune Sørensen, og legg til: – Dersom ikkje, er det berre å halde fram med å lytte.
Redaktør -