Bonenberger med si tredje bok

11.04.2024
Bonenberger med si tredje bok
Privat
Hans Günther Bonenberger er atter ein gong bokaktuell.

Hans Günther Bonenberger er aktuell med boka Mellom jord og himmel. Her fortel han om seg sjølv og prosjektet.

Eg har passert sytti og såleis gjort unna fleire år enn dei eg har att, og gleda over dei dagar eg får, veks med åra som går. Slik er det og med trongen til å gi, den er vorten sterkare enn trongen til å få. Kanskje litt motstraums, i ei verd der det gjeld å karra til seg mest mogeleg.

I den yngre utgåva av meg sjølv, var eg ei rotlaus sjel, som måtte kompensera for mangt og mykje. Det som øydela mest, var då eg vart bortadoptert medan eg var på ferie i Noreg, som berlinerbarn. Eg hadde då vener i Berlin, var begynt i skulen og eg kunne språket. Det vart å starta på nytt, utan å skjøna kvifor. Og nokre år etter krigen, var ikkje «tyskarar» noko særleg populære i dei fleste land.

Heile livet har eg vore og er ein person som likar å utforska/observera omgivnadene. Mitt gode humør og mitt pågangsmot, har og ført meg i mange retningar, som til dømes det eg balar med no, skriving. Elles har eg drive med idrett, sang/musikk og alt som barn var eg tidleg ute å gå med aviser. Det var kjekt å tena eigne pengar. Som ungdom var eg med i ein talentkonkurranse, som «opna dører» for meg, eg vart den heldige vinnaren. Når det gjeld arbeidslivet, har det rastlause i meg ført til kanskje litt for mange jobbskifte. Når ting gjekk bra slutta eg ofte og fann meg ny jobb. Slik kan det utarta seg, for ei rotlaus, rastlaus sjel.

Skriving, har eg eigentleg interessert meg for sidan eg var eit barn, og kvifor eg skulle verta over sytti år før det vart bøker av det, må ein spørja høgare makter om. Hugsar alt på åttitalet medan eg ennå var ung, sende eg ein bunke dikt til Samlaget (nynorskens høgborg) den gongen. I tilbakemeldinga frå forlaget sto det; at eg måtte arbeida meir med dikta mine, men eg hadde gode evner når det gjaldt «å sjå høg og låg samstundes». Den tilbakemeldinga var eg nøgd med. Dei spurde og om eg hadde meir på lager. Eg hadde ikkje meir på lagar, så eg slo heile greia frå meg. Trur heller ikkje dei dikta, hadde så mange veksteigenskapar i seg. Derimot fekk eg godt råd i brev frå Olav H. hauge og som eg lever etter den dag i dag, når det gjeld å dikta. Han skreiv mellom anna, «du lyt elta dei, å kritisera andre er kvar si sponagjerd». Etter det og når eg tok til med diktinga mi, har eg elta og atter elta, i fleire tilfelle til grensene seg sjølv. I ein «elteprosess»», har eg i fleire tilfelle funne ut at eg til dømes kunne stryka siste verset i diktet. Det er noko med det å ikkje sei meir enn det som er naudsynleg, lesaren skal og få høve til å tenkja litt sjølv.

 

Korleis fekk du ideen, inspirasjon til boka?

Sjølve ideen til boka var klar, før eg hadde avslutta bok nummer to Høytørkeseng (2023). Handlinga i boka, har vorte til medan eg skreiv. Det eg visste var at denne boka, Mellom jord og himmel, skulle stå i ein samanheng med dei to første, og desse tre til saman, reknar eg som ein dikt-trilogi.

I bok nummer ein Lealaus grind (2022), har eg skrive diktet Biletbokas by, som handlar om min livshistorie og omverda. I tredje boka Mellom jord og himmel, har eg skrive diktet Franziska, som handlar om mi biologiske mor og kva tid ho levde i.

Undervegs når eg skreiv desse dikta, hadde eg mange gode stunder. Av og til var det som om stoffet kom til meg, i ein slags flow, og stundom sat eg og lo høgt av innhaldet i epistlane. Ein god målestokk det.

Når det gjeld tema/innhaldet i boka, kan eg sei at handlinga utspelar seg i eit vidt spekter, frå det nære kjende, til dei store ubegripelege spørsmåla. Me menneske må ha nokre evne i oss, sidan me kan vera i det nære og i det fjerne samstundes. Med det meinar eg idear og tankar som me ber på, kjem frå ein stad; eigentleg er livet og døden grenselause og godt er det. Fundamentalisme er det nok av i verda.

Når det gjeld innhaldet i boka, så er ikkje det tiltenkt å nå ei spesiell målgruppe. Eg går for åpne løysingar av omsyn til lesaren sin fantasi. Eg meinar og; ein god tekst er suveren i seg sjølv og kan halda seg flytande i opprørt hav.

Den som les boka, kjem til å møta, menneske, dyr, insekt, fuglar og natur, både på linjene og mellom linjene. Med andre ord; denne boka kan lesast, skumlesast, reciterast, syngjast mm. Det vil ikkje sei at boka er rammelaus. I tittelen og undertittelen står det, at det veks mange blomar, men dei veks mellom jord og himmel, og det er nettopp det som er ein del av poenget med denne boka, me som menneske er der me er og ikkje der me ofte vil vera – .

Når det gjeld epistlane og songtekstane, så er innhaldet i dei henta frå det verkelege livet, i min oppvekst. Her vil lesaren av dei, finna mykje morosamt å tenkja over.

Fiksjon er det eigentleg lite av i boka, sidan ideane kjem frå eige hovud, sjølv om orda stundom kan vera tvitydige og det er vel ein del av meininga med diktinga. Mitt syn på verkelegheitsbegrepet er; kvart menneske har ulike syn og tilnærmingar til verkelegheita, så lenge andre syn ikkje vert tvinga på den enkelte. Berre tenk når fleire hundre menneske i eit lyskryss i Tokyo, skal kryssa gata samstundes, samstundes har kvar einaste ein av dei si eiga verkelegheit i hovudet sitt. Det desse menneska har felles er, dei veit dei kan gå på grønt, dei skal ikkje gå på raudt og dei bør ikkje gå på gult, det kan slå begge vegar, tilbake på den einskilde.

Slik kan det og vera med eit dikt: Det står der. Det er underlagd eigne naturlover. Det er skrive slik det er. Det er eit sjølvstendig vesen, på godt og vondt.

Med utgangspunkt i at boka ikkje er retta mot bestemte målgrupper vil eg sei den skil seg ut frå mengda av moderne lyrikkbøker, men det vil ikkje sei innhaldet i denne boka ikkje er moderne. Her tenkjer eg på bruken av både bokstavar og teikn. Eg opplever det slik at det er litt enten eller no til dags. Eg er vel litt språksosialist; heile spekteret må med og i den ytterste konsekvens, er arket tomt eller fullt av bokstavar og teikn. Så eg undrast ofte over det eg les; kvifor må så mange av dikta i tida vera midtstilte, forma som eit timeglas og frie for teikn?

 

Kva med framtida, kjem du til å skriva fleire bøker ?

Det håpar eg då inderleg og kjenner eg meg rett, er eg ennå i startgropa, sjølv om eg ikkje er nokon ungdom lenger.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Hans Günther Bonenberger, lyrikkforlaget,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...