Eitt om dagen

11.01.2017
Eitt om dagen
Mons Ravnanger

– Eg heiter Mons Kristian Ravnanger. Eg vaks opp på ein liten stad på ei større øy i landhandelen til far min, kor eg som liten leika gøymsle med «småfolket frå Hatlane». Her gøymde eg meg i brødposar, laga for Langebrød og Wittenberger frå Martens i Bergen, medan eg knaska i meg Lohengrin sjokolade eg hadde stole frå godtehylla dagen i forvegen.

Slik startar Ravnanger å fortelja, når eg lurar på kven han er, og korleis den nye boka hans, Eitt om dagen, med litt av kvart, vart til – og han fortset:

– Det var her det heile starta. Ikkje i brødposane, sjølvsagt – men i butikken til far min. Her vaks eg opp blant ulike menneske som dagleg stakk innom, – nokre sinte, nokre sure, nokre rare og nokre lure, og nokre utan pengar.Det vart fantasiar og historier av slikt, skjønar du.

Og dei få gongene eg ikkje vanka i butikken, ikkje spela fotball på jordet eller lekte cowboy og indianar påfølgt av «doktorleken» i Hatlane med fetrar og kusiner, så sat eg heime, titta og las i Billedbibelen og leste høgt frå Terje Vigen med støvsugaren og bikkja vår som tilhøyrarar. Støvsugaren fekk eg alltid støyt frå og bikkja beit – så dei gjekk vel lei, tenke eg. Likevel, eg levde meg inn i desse bøkene, eg. Vart oppslukt av alle likningane, undra meg over korleis Jesus kunne finne på å snakke slik. Eg fann noko kunsterisk og diktaraktig hjå han, og det likte eg – og det vart med det. I Terje Vigen fann eg dramatikken, nauda, kampen, storsinnet … og nynorsken. Eg elska når far min las diktet høgt for oss ungane på Storhaugen kvar søndag med Jim Reeves’ I love you because som bakgrunnsmusikk på vinyl i peisestova.

Desse bøkene har på det bevisste og ubevisste planet  vore med og forma meg som menneske – og no som forfattar, trur eg.

 

Fengsla av dikt

– I vaksen alder vart eg grepen og fengsla av flyten og djupna i dikta til Pablo Neruda og Olav H. Hauge. Ein må lytta til songen og klangen i dikta deira når dei sjølve les frå verka sine.

Har du høyrt Pablo Neruda les den episke diktsyklusen: Den store sangen – om Latin-Amerikas historie og geografi, eller Olav H. Hauge lese diktet Det e den draumen … ?

Ein kan byrje gråte av slikt - og nokre gongar tenkjer eg; - dikt skal ikkje lesast, det skal høyrast!

 

Ein dans med ord

– Vel, utan samanlikning med desse to, sjølvsagt - å dikte og skrive historier, er for meg ein dans med ord og hendingar. Det skal flyte, gje meining, ettertanke og det skal ha brodd.

Diktsamlinga mi er, slik eg håpar det, ein start på ei reise kor eg som forfattar vert smidd inn mot dei enda betre dikta og historiene. Dei beste dikta vert vel aldri skrivne, men eg vil likevel ha tak i smaken deira.

Samlinga mi inneheld, slik tittelen seie, litt av kvart. Dei reflekterer på ein samanfallande måte, mi reise, min fantasi, mitt sinnelag og min følsomheit. Eg oppleve dei som nære, kjærleiksfulle, småfrekke og direkte – slik eg opplever meg sjølv, trur eg.

 

– Heile mitt vaksne virke har vorte retta mot dei som kjem i andre rekke. Dei som skrik, men ikkje skrik høgt nok - dei som lir litt meir enn andre og som har ei tyngre bør å bera.  Det er her mi sjel ligg!

Eg håpar lesaren spesielt ser desse i nokre av dikta mine og let dei trå fram i lyset. Då lever dei litt meir, og lir litt mindre! Dikta kjem til liv.

 

God bok

Svein Kåre Gunnarson

Stikkord i denne artikkelen
dikt, poesi,

Nyheter

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Bonenberger med si tredje bok

Bonenberger med si tredje bok

Hans Günther Bonenberger er aktuell ...

Intellektuell melkespreng

Intellektuell melkespreng

Drew Rodgers skriver dikt preget av ironi ...

– Jeg skiller meg ut

– Jeg skiller meg ut

Heidi Maria Steinback Sørensen tenker ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...