Finalist fra Symesterskapet i NRK - nå ut med egen bok!

24.09.2018
Finalist fra Symesterskapet i NRK - nå ut med egen bok!
Forlagshuset Commentum
Monica Cecilie Herredsvela

- Ikkje la konfirmasjonsdressen samle støv

– Eg vil få folk vekk frå tanken om at dei vert lukkelegare og betyr meir, om dei har eit dyrt designplagg. Den kjensla ein får av å ha laga noko sjølv som ser bra, kult eller råstilig ut, overgår ei kvar veske til kr 15 000, seier Monica Cecilie Herredsvela, kjent frå Symesterskapet på NRK. No er ho aktuell med boka «Fra drøm til søm» kor ho redesignar gamle plagg.

– Redesign er ikkje nytt, det er gamalt, det kom på likt med skapinga av klede/stoff. Å ta vare på, bruke på ny, finne kreative løysingar i gjenbruk kunne bety mykje for økonomien. At det utviklar kreativiteten og motebiletet er ein bonus, fortel designaren.

Monica Cecile Herredsvela er oppvaksen og bur på Brusand i Rogaland, ein stad med fantastisk natur og mykje frisk luft.

– Eg har alltid vore kreativ, aktiv i idrett og hatt mange jern i elden. Musikk og kunstfag har skilt seg ut som interesser eg ofte bruker meir tid på, og dei siste åra har saum av klede blitt ein favoritt.

Ho har lenge tenkt på å laga bok, men sidan ho ikkje hadde kunnskapen ho trong for å få det til, såg ho ikkje på det som aktuelt. Men så skjedde det noko.

– Eg blei spurt av forlaget om eg kunne tenke meg å laga ei redesignbok, og då var det berre å seie ja. Med proffe folk som styrer meg gjennom og sikrer kvaliteten, kunne eg gjera det eg likar best; skape, leike og sy meg gjennom ulike kreasjonar. At sponsorar som bl.a Janome og Fretex gladeleg var med i prosjektet, har og vore fantastisk.

Fokuserer på det positive

Til dagleg jobber Monica med ungdom. Ho liker å finne dei positive sidene av kvardagen.

– Eg er ein seriøs te-drikkar, og har sære, viktige (u)vaner for å laga den perfekte teen. Eg syns ull er gull, nærmiljøet superviktig og at det burde vore fleire nisjebutikkar enn kjedar. Me burde vore meir romslege, kjærlege og tilgivande, kutta ned på kriteria og det å oppnå andre sine ambisjonar. Det er elende nok til alle, lat oss fokusera på det fine og gode me har i staden, smiler forfattaren.

I «Fra drøm til søm» viser Monica svært mange mulege løysingar for å endre eit plagg. Den startar med heilt enkle redesign, går over til litt meir tidkrevjande redesign, har eit eige kapittel for redesign av strikk, og avsluttast med redesign som er litt meir utfordrande. Alle plagg har steg for steg bilete og tekst. I tillegg er det ein del inspirasjonsbilete utan eigen framgangsmåte, der dei fleste teknikkane er vist andre stader i boka. Dette er ei bok som absolutt kan brukast frå ungdomsskulen, og elles av damer og menn i alle aldrar. Ein må kunna lesa litt og vera motivert. Ein treng ingen førekunnskap, men må ha tilgang på symaskin og det vanlegaste sytilbehøret som saks, nåler og måleband.

Skap noko nytt

Boskapen til den syinteresserte jærbuen er enkel:

– Bruk dei kleda, stoffa, dukane og anna som allereie er laga, og skap noko nytt som berre du har, og som du kan trivst i. Boka tenker sjølvsagt på miljøet, men og skapargleda og meistring som følgjer noko eigenprodusert. Om boka kan få folk til å sy, gle seg, bli inspirerte og meir kreative vil eg vera lukkeleg inn i hjarterota.

Boka skiljer seg ut frå andre bøker i same kategori.

– Boka mi har mykje fargar og glade design. Det er korte tekstar og mange steg-for-steg-bilete. Den er lettlest og har enkle teknikkar som ein kan bruka på enormt mange ulike måtar. Modellane er og heilt prima! Nemleg familie og vener, seier Monica, som er gift og har tre born. Alle er med i boka.

Ikkje motefokus

«Fra drøm til søm» lærer deg syteknikkar og korleis du på enkle måtar kan ta i bruk klede som ikkje vert brukt meir. Det er ikkje fokus på årets moter, men meir moglege endringar, og er på den måten litt tidlaus. Den lærer deg korleis du kan få meir ut av eit plagg, eller endre det slik at det kan passa kroppen din betre.

– Eg tenkjer det er ei jordnær bok, der ideane mine kan vera springbrett til lesarens kreative utvikling. Inspirasjonen kan brukast heilt likt, men ein vert og oppfordra til å finna sitt eige uttrykk og sin eigen stil.

Dette er ei bok der besteforeldre og barnebarn kan jobba samstundes, venner saman eller ein kan sitje med ho heilt åleine. Ein kan samanlikne eigne plagg og forskjellane som kjem av ulike utgangspunkt, og det er stor fare for at ein vert så gira at ein går på skattejakt i nærmaste kleskåp. Her er det og stor fare for at konfirmasjonsdressane ikkje samlar støv lengre, men i staden får eit spanande liv f.eks på ein kvinnekropp.

Så gjenstår det å se om det kjem fleire bøker i same kategori.

– Eg har lett for å verte inspirert, og får fort nye idear. Det var ikkje alle redesigna som fekk plass i denne boka, og me har allereie snakka om ei bok nummer to. Vert interessa for den fyrste boka stor nok, skal ein ikkje sjå vekk i frå at ei ny bok ser dagens lys etter kvart.

Redaktør -

Nyheter

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Bonenberger med si tredje bok

Bonenberger med si tredje bok

Hans Günther Bonenberger er aktuell ...

Intellektuell melkespreng

Intellektuell melkespreng

Drew Rodgers skriver dikt preget av ironi ...

– Jeg skiller meg ut

– Jeg skiller meg ut

Heidi Maria Steinback Sørensen tenker ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...