Saknet etter dei som ikkje er her meir

24.10.2022
Saknet etter dei som ikkje er her meir
Lyrikkforlaget
Benedicte Rydland Hareide

– Når eg går tur i skogen så legg eg merke til korleis naturen endrar seg. Naturen inspirerer meg i diktinga mi, seier Benedicte Rydland Hareide. Ho er aktuell med tekstsamlinga Mjuk som pannacotta.

Hareide har vore lærar på Alta videregående skole heile sitt vaksne liv, men er no ute av jobben.

– Eg er eigentleg beskjeden, kan godt vere skravlete likevel, men kan og vere ein god lyttar, smiler forfattaren. Ho er legedotter og har vakse opp mange stader i landet, mellom anna Lyngseidet, Tromsø, Stryn, Drammen og Molde. Ho elskar å lese alt mogleg, og har mellom anna sett seg føre å lese alle verka til klassikarane.

– Eg likar musikk i nesten alle utgåver. Eg elskar å gå tur, å jogge og å gå på ski. Eg likar TV-seriar. Eg er vel ein litt samansett person, trur eg, filosoferer ein del og elskar den gode samtalen eller ein sakleg diskusjon. Eg har også eit kristent livssyn, fortel Hareide.

 

Diktsamlinga Mjuk som pannacotta inneheld veldig ulike dikt. Naturen er ein inspirasjon.

– Når eg går tur i skogen så legg eg merke til korleis naturen endrar seg, og lydar og lukter, og det betyr mykje for meg. Musikken er ei anna inspirasjonskjelde, den stemninga han gir meg. Eg blir og inspirert av personar eg kjenner, men og personar eg har observert i farta. Stader eg kjenner godt eller bare har vore innom, er også ein stor inspirasjon, fortel forfattaren.

Tema i boka er mange, frå å skildre nokre menneske som har gjort inntrykk på ho til å skildre den vanskelige kommunikasjonen mellom menneske og saknet etter dei som ikkje er her meir.

– Målgruppa er nok helst vaksne menneske og kanskje dei som les litt sakte og kjenner etter. Eg håpar å kunne bringe min litle del av trøyst til dei som har mista nokon, og eg håpar å løfte opp dei vi kanskje ikkje alltid ser opp til, å lyse dei opp ein augneblink. Av og til vil eg berre gi lesarane glimt av ein sommardag, seier Hareide.

 

Benedicte Rydland Hareide kan fortelje at det meste av innhaldet i boka er henta frå verkelegheita.

– Det er anten sjølvopplevd eller frå eit nyheitsoppslag. Det er stader eg har vore og menneske eg har treft eller sett.

Korleis skil boka seg ut frå andre bøker?

– Det er ikkje lett å seie. Eg trur kanskje denne blandinga av prosa og poesi er litt annleis. Kanskje også desse spranga frå Midt-Austen til Fjærland, frå soldaten til Elena på veg mot butikken, er litt spesielt. Eg trur ho skil seg ut frå andre fordi dette er sett gjennom mine auge og tenkt hos meg, då blir det jo unikt.

Har du fleire prosjekt på gang?

– Eg er allereie i gang med å skrive nye dikt i håp om at forlaget vil gi meg ein sjanse til. Det er dette eg vil gjere med livet mitt og eg er evig takksam for å få lov til å fortelje kva eg har sett og følt. Eg har og skrive nokre romanar og leikar meg litt med nokre noveller, men vi får sjå. Første og fremst er det dikt eg fokuserer på.

 

Redaktør -

Nyheter

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Bonenberger med si tredje bok

Bonenberger med si tredje bok

Hans Günther Bonenberger er aktuell ...

Intellektuell melkespreng

Intellektuell melkespreng

Drew Rodgers skriver dikt preget av ironi ...

– Jeg skiller meg ut

– Jeg skiller meg ut

Heidi Maria Steinback Sørensen tenker ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...