Første oppvekstromanen frå industribygda Årdal

03.07.2025
Første oppvekstromanen frå industribygda Årdal
Forlagshuset Publica
Odd Nygård

Ei musikalsk reise attende til 60-talet

- Eg har budd utanfor Årdal meir enn halve livet mitt, men inspirasjonane frå industribygda innerst i Sognefjorden har alltid fylgd meg. Dette fortel den nyslåtte debutforfattaren Odd Nygård (71), som no er aktuell med oppvekstromanen «Langt der nede».

 

Nygård tek lesarane med på ei reise til Årdal i 1968, året då industribygda nesten var på sitt mest folkerike med over 7000 innbyggarar. Takka vere den sterke veksten knytt til aluminiumsverket og kraftutbygginga, var dette ei tid prega av framtidstru og velstandsutvikling. Samtidig byrja den nye tida å banke på døra, med nye utfordringar for både ungdommar og vaksne.

 

Ein bygderoman utanom det vanlege

«Langt der nede» skil seg ut frå mange andre bøker i same sjanger. Dette er den første oppvekstromanen frå Årdal, i ei tid då Verket og kommunen trudde at pengebingen og folketalet skulle vekse inn i framtida.

– Det er forteljinga om ungdom, lenge før mobiltelefonen tok bort kreativiteten og leiken. Det er også forteljinga om vaksne, om det harde arbeidet på Verket, og kjærleikens vilkår i industribygda, seier Nygård.

Handlinga i boka utspelar seg frå juli til julekvelden 1968. Hovudpersonen Vidar tar lesaren med gjennom eit halvt år av livet sitt, der vi møter venene hans, familien og mange andre karakterar i det vesle, men levande industrisamfunnet. Fotballaget Jotun spelte om opprykk til 2. divisjon, ei ny kyrkje var på teiknebrettet, og gymnasklassane hadde blitt etablert året før.

– Årdal var eit spesielt samfunn inst i Sognefjorden, der sosialdemokratiske draumar møtte den nye pop- og rockekulturen, blanda med lukta frå smelteomnar og anodestøyperi, som journalist Morten Jentoft så treffande skildrar det i ein omtale av boka.

 

Musikken som raud tråd

Odd Nygård sjølv har musikken i blodet. På 1970- og 80-talet var han aktiv i musikkmiljøet i Tromsø og Harstad, og spelte i band før han seinare flytta til Austlandet. Denne lidenskapen for musikk gjennomsyrer også romanen.

– Musikken spelar ei sentral rolle i boka, både som drivkraft i handlinga og som tidsskildring, fortel Nygård.

For å gi lesarane ei mest mogleg autentisk oppleving, har forfattaren laga ei speleliste på Spotify med songar som blir nemnt i boka. «Søkjer du på Spotify og 'Langt der nede', vil du sjå spelelista frå boka,» skriv han i forordet.

– Rammene som musikken omfamnar, er sterke bindeledd i teksten mellom forfattaren og lesaren. For at du skal få fullt utbytte av boka, er det å spele musikken ein viktig innfallsvinkel til gjenkjenninga du får med å lese «Langt der nede», forklarar forfattaren.

 

Balansekunstnaren som inspirasjon

Ein fasinerande del av romanen er innvevinga av historia om balansekunstnaren Tell Teigen, som også hadde tilknyting til Årdal.

– Då eg vaks opp, høyrte eg mange beretningar om balansekunstnaren Tell Teigen. Sjølv om han ikkje var frå Årdal, budde broren i Jotunvegen og fortalte meg mykje om denne vågale artisten, og om den tragiske aprildagen i 1958, da han datt ned frå eit 35 meter høgt tårn i Palm Springs i California, fortel Nygård.

Boktittelen «Langt der nede» er såleis eit bilete på denne våghalsen, men også på kjensla av dei høge og bratte fjella som omkransar bygda innerst inne i Sognefjorden.

 

Ei naudsynt historieforteljing

Journalist og forfattar Per Jon Odéen beskriv boka som «forteljinga om heimbygda, både med eit kjærleg og reflekterande blikk.» Romanen skildrar ei tid då samfunnet og familieforholda var i forandring og skapte nye og ukjende utfordringar.

– Eit viktig element i boka er innflyttarane. Utan dei hadde ikkje Verket greidd å sysselsette alle dei arbeidarane dei trengte. Dermed er dette også forteljinga om dei kreative folka som kom frå andre stadar i Noreg, frå andre land, ikkje berre for å supplere folketalet i bygda, men også for den kreativiteten og utviklinga dei var med på å skape, forklarar Nygård.

Han legg vekt på at personane i boka er fiktive, sjølv om mange av dei er henta frå minnebanken hans.

– Eg vil at boka skal vere av nasjonal interesse. Difor er det viktig at ho ikkje blir for lokalt forankra, men at lesarane kjenner seg att i tidsbiletet som mange av oss har opplevd, seier han.

 

Frå lærar til debutforfattar

Odd Nygård er fødd i 1953 og vaks opp i Årdal. I 1974 reiste han til Tromsø for å studere, der han vart oppteken av musikk og jazz. Etter kvart flytta han til Harstad og var med på å etablere ulike musikkgrupper som spelte på festivalar rundt omkring.

På 80-talet flytta han til Oslo-området med kona si og arbeidde som lærar på ulike skular på Austlandet. Der sette han opp ulike musikalar der elevane kunne bruke talenta sine.

– Etter 2000-årsskiftet var det likevel skrivinga som opptok meg meir og meir. Eg hadde ein draum om å skrive ei bok, men utan at eg visste kva den skulle handle om, fortel den no pensjonerte læraren, som er busett på Kolbotn.

 

Framtidsplanar

«Langt der nede» er Nygård sin debutroman, men han har allereie tankar om nye prosjekt.

– Eg har tankekartet til ei ny bok, utan at denne er byrja å ta form. Ein annan tanke eg har, er å gi ut boka i Tyskland. Eg er gift med ei tysk jente som har litteratur som fag, og er godt kjent med nynorsk og omsetjing, seier han.

Nygård har tru på at boka hans, med si skildring av vestlandsnatur, oppvekst, industri og musikk, vil bli godt motteken også utanfor Noreg sine grenser.

Men fyrst og fremst håpar han at «Langt der nede» vil treffe lesarar som kjenner seg att i tidsbiletet, anten dei er frå Årdal eller andre stader i landet.

– Draumar, lengsel og kjærleik er fellesnemnarar, uansett kva for tiår du vaks opp i, avsluttar debutforfattaren Odd Nygård.

Boka «Langt der nede» kjem på Publica og er no tilgjengeleg i bokhandlarar over heile landet.

 

Redaktør -

Nyheter

En poetisk vandring gjennom kjærlighetens syklus

En poetisk vandring gjennom kjærlighetens ...

Tina Karoline Warhuus debuterer som forfatter ...

Forsker debuterer med sjelfulle dikt

Forsker debuterer med sjelfulle dikt

Fra forskningslaboratoriet og styrerommet ...

Nordnorske røyster samla i ny diktsamling

Nordnorske røyster samla i ny diktsamlin...

Når nordavinden blæs over Lofoten, ...

Christer Björck, fra mørke til lys

Christer Björck, fra mørke til lys

I boka Bak masken tar Christer Björck ...

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Teater og revy

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» inntar Nationaltheatret

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» ...

Våren 2025 kan det norske publikummet ...

Rørende, morsomt og filosofisk på samme tid

Rørende, morsomt og filosofisk på samme ...

Benedicte Izabell Ekeland bergtok og begeistret ...

Myrkdalen møter hausten med latter

Myrkdalen møter hausten med latter

Siste helga i september kan du få trimma ...

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsen, Garborg og Grieg får en real ...

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...