Bokstavene fra A til Å

02.01.2012
Bokstavene fra A til Å
Mona Fossdal

Intervju med Mona Fossdal i samband med utgjeving av boka Bokstavene fra A til Å

Kven er målgruppa for boka?
Boka «Bokstavene fra A til Å» er ei ABC-bok, mynta først og fremst på førskuleborn – eller born på småskuletrinnet, som skal lære seg bokstavane. Boka består av figurar og motiv – laga av berre bokstavar, og dei fleste av motiva skal vere lett å kjenne igjen, også for dei aller minste. Eg håper likevel at boka kan vere interessant, og appellere –- også til barneforeldre og besteforeldre.

Kva har inspirert deg til å lage denne boka?
Ideen til denne boka kom eigentleg ganske brått, medan eg sat i bilen og køyrde av alle ting. Det er mogleg at det er utdanninga mi som grafisk designar som gjer til at eg synes at typografi er så spennande, men eg hadde lenge hatt ein idéidè i bakhovudet om at eg ville lage eit visuelt arbeid –- berre ved hjelp av skrift – og ikkje bilete. På denne bilturen kom ideen til å lage ei ABC-bok, og eg sat difor på heile turen og klekka ut diverse idear til motiv til skriftbileta.

Kan du fortelle fortelje litt om korleis du har laga illustrasjonane?
Skriftbileta, (eller calligramma som dei også vert kalla,) lagde eg ved hjelp av dataprogrammet Adobe Illustrator. Her har eg teke ein og ein bokstav, justert storleik og skrift-type, rotert og sett saman med andre versjonar av den same bokstaven. Det ferdige designet har eg laga i programmet Adobe Indesign.

Kva tilbakemeldingar har du fått på boka?
Eg har fått gode tilbakemeldingar på boka både frå heilt små boarn, og i frå litt større boarn . Eg har også fått hyggelege tilbakemeldingar i frå vaksne, som liker det visuelle uttrykket i boka.

Kvar er du oppvaksen, yrke, utdanning og generell bakgrunnsinformasjon?
Eg er 42 år, og kjem opphavleg i frå Vaksdal i Hordaland. I 1995 flytta eg til Sogn og Fjordane og byrja å undervise ved Mo og Jølster vgs. Då hadde eg nyleg avslutta utdanninga mi med Bachelor og Hovudfag i grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskulen i Bergen. Av anna utdanning, så har eg tatt Pedagogikk/lærarutdanning ved Høgskulen i Sogndal, og studert Kunsthistorie/arkitekturhistorie – og Medianett/Nettpublisering ved Universitetet i Bergen. Eg har også studert IKT i Formgjevingsfag ved Høgskulen i Sør Trøndelag, Webdesign ved Høgskulen i Bergen, og har teke eit IKT-studium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Faga som eg underviser i ved Mojo i dag, er blant anna mediefag, design og kunstfag ved linjene Medium og kommunikasjon, og ved Studiespesialiserande med Formgjevingsfag. Utdanninga mi som grafisk designar og illustratør nyttar eg eigentleg heile tida når eg underviser i desse faga, men det er likevel svært spennande å arbeide med heilt eigne prosjekt også. Av tidlegare bokprosjekt, så har eg på 90-talet illustrert boka «Jovisst har dyrene sjel II» av Margit Sandemo, og eg gav også ut barneboka «Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen» våren 2012 – der eg stod for både tekst, illustrasjonar og grafisk design.

Kjem vi til å høyre meir frå deg?
Det skal ein ikkje sjå bort ifrå. Er allereie godt i gong med idear til eit nytt bokprosjekt, så kanskje det vert ei ny bok om ikkje så altfor lenge?

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...