Å du hendelse! Mykje meir enn berre rim!

12.06.2014
Å du hendelse! Mykje meir enn berre rim!
Jonny Skjelvik

Eg tenkte at skulle eg fyrst gje ut ei bok, så ville eg at det då skulle væra anten noko morosamt og/eller noko seriøst som hadde noko til ettertanke i seg. I denne boka føler eg at begge desse tinga vart passeleg miksa.

Slik veret var i vinter med storm og vatn, vart det mykje stillesitjing og tid til å sjå på TV. Men eg var ikkje heilt fornøygd med programma eg hadde å velgja i. Då fann eg ut at eg kunne skriva noko og sjå kva eg kunne få ned på papiret om dette temaet. Dette vart til den fyrste historia/diktet i det som no har blitt mi fyrste bok. Det vart ei historie eg kalla: "Kunsten å underhalda". Etter som tida gjekk, tok eg føre meg også andre ting som opptok både meg og andre. Utfordringa har vore å skriva slik at humoren kjem tydeleg nok fram, eller viss det er ei historie med ettertanke, å få skrive det ned på ein slik måte at det visar tydeleg at dette kjem frå hjarta, seier han.   

Jonny Skjelvik er fødd i 1957, og er busett i Ytre Arna i Bergen kommune. Er utdanna som anleggsmaskinførar, skytebas og lastebilsjåfør. Han har arbeidd innafor anleggsfaget sidan han begynte i arbeid som femtenåring. Er gift og har to barn, og kosar seg no og i rolla som bestefar. Har storviltjakt, båtliv og fiske som hobbyar, i tillegg til muring med naturstein. Debuterar no som forfattar med boka "Å du hendelse! Mykje meir enn berre rim!"

Eg har alltid likt å skriva, men har ikkje gjeve noko ut før no. Eg har mange gongar tenkt at eg skulle ha skrive noko og forsøkt fått gitt ut i bokform, men har ikkje før no gjort noko reelt forsøk på å realisera det. Eg tenkte at skulle eg fyrst gje ut ei bok, så ville eg at det då skulle væra anten noko morosamt og/eller noko seriøst som hadde noko til ettertanke i seg. I denne boka føler eg at begge desse tinga vart passeleg miksa. Eg har og lagd vekt på at mykje her skal folk flest, lett kjenna seg att i. Dette kunne like gjerne vore dei eg skreiv om. Ja kanskje så er det gjerne akkurat det eg har gjort?

Eg likar å tru at eg med historiane/dikta mine når fram til både dei som likar å lesa dikt, og i tillegg også kan klara å fenga dei som ikkje trudde at dei likte å lesa dikt! Og har eg klart det med denne boka, då er eg godt fornøygd! Tilbakemeldingane eg har fått frå folk som har anten fått lese opp noko eller har fått sjølv lesa nokre av dikta/historiane, har vore for meg fantastisk godt mottekne. Og det er jo kjekke tilbakemeldingar å få, når ein har lagt så mykje energi ned i det, fortsett han.

Tittelen "Å du hendelse!" peikar på at dette er ei bok med hendingar frå livet, og som no ikkje alltid enda slik han hadde forventa. I undertittelen "Mykje meir enn berre rim!", ligg at her er og ord til ettertanke for lesaren. Han har prøvd etter beste evne å skriva ikkje berre moro, men og om ting som for oss alle er viktige her i livet. Ting me tar for gitt? I staden for å kalla dette for ei diktbok, så vil han heller sei at dette er ei bok med små historiar som er fortalde på rim og som han har skrive i verseform. Han har her teke føre seg kvardagslege ting, som kanskje ikkje gjekk no heilt etter planen. Eller noko fint ,men fortsatt kvardagsleg, som var så flott at han berre måtte fortelja noko om.

Frå eg byrja skriva på boka og til i dag, merkar eg at eg har lært utruleg mykje. Historia som eg såg meg fornøygd med i byrjinga av skriveprosessen vart lagra i permen som ferdig. Men lenger ute i prosessen såg eg at dette ikkje var godt nok, og skreiv om eller gjorde endringar på stoffet til eg no var fornøygd. Eg skal og væra ærleg og innrømma at det har vore nokre intensive månader med mykje arbeid. Men no når eg ser fruktene alt av det, så synes eg det har vore verdt det.

Historia/diktet "Ikkje som før", meiner eg kan stå som ein verdig representant for boka. Om eg med denne boka klarar å nå fram til folk som med boka i fanget kan sitja og kosa seg ei stund, og i tillegg har fått fram latteren hjå dei. Då har eg berre med det oppnådd hensikta mi.

Våg å gjere ting du ynskjer, men ikkje er sikker på. Det er viktigare å ha prøvd, og kanskje feila, enn ikkje å ha prøvd i det heile, slik at du ikkje går og tenkar og angrar på at du ikkje prøvde deg, avsluttar han..

Carsten Flo

Nyheter

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Bonenberger med si tredje bok

Bonenberger med si tredje bok

Hans Günther Bonenberger er aktuell ...

Intellektuell melkespreng

Intellektuell melkespreng

Drew Rodgers skriver dikt preget av ironi ...

– Jeg skiller meg ut

– Jeg skiller meg ut

Heidi Maria Steinback Sørensen tenker ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...