Ny barnebok om tap, trøyst og håp

08.02.2017
Ny barnebok om tap, trøyst og håp
SKALD forlag
Dagen utanfor - Stina Langlo Ørdal - SKALD forlag 2017

Forfattar og illustratør Stina Langlo Ørdal si nye barnebok Dagen utanfor er ei forteljing om ein gut som mistar farfaren sin, om ei daud humle som gir trøyst, og om uvanleg grå dagar i livet.

Boka handlar om å takle sorg, finne trøyst og vera der for kvarandre. Ho handlar òg om å forstå noko så ukonkret som døden, for eit barn. På poetisk vis tek Stina Langlo Ørdal opp dette vanskelege temaet, utan å bli sentimental.

– Eg kjenner godt til den store hjelpeløysa av å sjå andre som mister sine, og opplevinga av eigne born som mistar nokon rundt seg, seier Ørdal.

Ho har sjølv opplevd å miste fleire nære, og etter lang tid har vesle Jon i boka oppstått som ein kjenning, som ei samling av eigne funderingar og erfaringar.

"Korleis kan ein trøyste nokon som har mista ein far?" spør Jon, og viser den uvanlege tilnærminga Stina L. Ørdal har valt til temaet. Ho handlar ikkje berre om guten Jon som har mista ein farfar, men det handlar også om far hans som har mista far sin. Også han treng trøyst, og han treng Jon.

I boka finn Jon trøyst i ei stor, lodden og daud humle som han tek vare på. "Saknar dei andre humlene humla?" spør Jon. Ørdal fortel at heile historia har rot nettopp i ei slik humle ho ein gong fann i teikneskuffen sin.

– At den mjuke humla som elles ville fyke rundt i verda, låg heilt stille i handa mi utan å kunne fly der i frå, sette i gong tankane og pennen. Eg knytte ho straks til ein bestefar, fortel Ørdal.

Den uvanlege dagen då Jon skal i gravferd til farfaren har Ørdal illustrert i gråtonar. Den står i kontrast til dei fargerike teikningane som speglar den heilt vanlege kvardagen til alle dei andre der ute. Ørdal seier at ho tykkjer det er kjekt at ho har skrive ei bok ein kan kjenne seg att i, og håpar at folk kan ha nytte av den.

Dagen utanfor er Ørdal si fjerde barnebok som forfattar, men første på nynorsk. Boka er utgitt på SKALD forlag.

PS: … boka gjev lesarar, barn som vaksne, eit ypparleg høve til å tenke på og snakke saman om døden.

Harald Anvik

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...