Langt der nede

02.05.2025
Langt der nede
Forlagshuset Publica
Odd Nygård

Som lesar, enten frå Årdal eller andre stadar i Norge, vil du kjenne deg igjen i miljøskildringa.

Ein medrivande oppvekstroman frå industribygda Årdal, innerst i Sognefjorden, på slutten av 1960-talet. Samfunnet og familieforholda er i forandring og skapar nye og ukjende utfordringar. Industrien, naturen og musikken blir vevd saman til ei tidsskildring som gjer historia autentisk og gjenkjennande. Hovudpersonen Vidar og venene hans fyller lesaren med humor, varme, kjærleik, sorg og lengsel. Musikken spelar ei sentral rolle i boka, både som drivkraft i handlinga og som tidsskildring.

 

Balansekunstnaren Tell Teigen frå Høyanger, som også budde i Årdal, tilfører boka eit historisk, dokumentarisk tilleggs-perspektiv. Boktittelen «Langt der nede» er derfor eit bilde på denne våghalsen, samtidig som lesaren har ei medrivande kjensle av dei høge og bratte fjella, som omkransar denne bygda innerst inne i Sognefjorden, langt der nede.

 

 «Årdal, staden i Noreg der det vart seld flest Fiatar i høve til folketalet. Endeleg kjem det ei bok som dykker ned i dette spesielle samfunnet inst i Sognefjorden, der sosialdemokratiske draumar møter den nye pop- og rockekulturen, blanda med lukta frå smelteomnar og anodestøyperi. Odd Nygård vaks sjølv opp her, og har i boka Langt der nede skapt romankarakterar ut frå miljøet som forma han sjølv, på slutten av 1960-åra.»

- Morten Jentoft, journalist og forfattar

 

«Dei dramatiske hendingane i den store verda er bakteppet for Odd Nygård sin roman om ungdommar på veg inn i vaksenlivet i Årdal. ‘Langt der nede’ er forteljinga om heimbygda, både med eit kjærleg og reflekterande blikk.»

- Per Jon Odéen, journalist og forfattar

 

Playlist til «Langt der nede» på Spotify – eller søk på spelelista Langt der nede på Spotify.

 

Odd Nygård (f. 1953) er frå industribygda Årdal i Sogn. Han har arbeidd som lærar i Nord-Noreg og på Austlandet, og var aktiv i musikkmiljøet i Tromsø og Harstad (1970-80-åra). No er han pensjonist, busett på Kolbotn. «Langt der nede» er debutromanen hans.

 

 

BOKFAKTA:

Tittel: Langt der nede

Forfatter: Odd Nygård

ISBN: 9788284162560

Format: 13 x 20

Antall sider: 306

Innbinding: innbundet

Utsalgspris kr 449.00

 

 

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Forlagshuset Publica, "Langt der nede", Odd Nygård, Oppvekstroman, Røykhola, Industribygda, Årdal, Samfunnet, Familieforholda, Forandring, Nye, Ukjende utfordringar, Industrien, Naturen, Musikken, Tidsskildring, Historia, Autentisk, Gjenkjennande, Humor, Varme, Kjærleik, Sorg, Lengsel, Rolle, Drivkraft, Handlinga, Dramatiske, Hendingane, Verda, Bakteppet, Ungdommar, Voksenlivet, Forteljinga, Heimbygda, Kjærlig, Reflekterande, Blikk, Aluminiumsindustrien, Arbeidsplassar, Husvære, 50-talet, Årdøler, Innflyttarar, 1000-meteren, Madrassane, Blada, Bileta på vegen, Hytta, Refleksjon, Meiningsfylte, Samtalar, Lausungane, Kravla, Overalt, Sladder, Uvitskap, Menn, Damer, Kaffo, Kaker, Signaturer, Sjefane, Samvirke, Heimforsikring, Sparepengane, Donald, Hammond-Orgel, Eggberget, Arbeiderpartiet, Einar Gerhardsen, Sognefjorden, He's a real nowhere man, Draumen, Tårnet, Bukseskjelv, Knesskjelv, Fyste skuledag, Lucky seven, Morellbærspytting, Planetane, Uranus, Neptun, Folkets hus, Klingenberg, Road to Cairo, Selma, Brushanen og Grågåsa, Øvingsrommet, Besøket, Ballguten, Danseskulen, Marilyn, VarmeHender, Samtalen, Månegal, Fjorden, Hotellet, Sundt, Varemagasin, Musik-magazinet, Ludvig Holberg, Konsertpaleet, OL i Mexico - 1968, Meditasjon, Bergens Tidende, Moon Rebel, Konkurransen, Teksten, Omfavninga, Avgjerda, Epleslang, Årdals-Mesterskapet i nedfrysing, Feber-rier, Konserten, Pyramide, Diskoteket, Opptaket, Årdal Turistheim, Julafta 1968, Elena, Innerst, Pop- og rockkekulturen,

Nyheter

En poetisk vandring gjennom kjærlighetens syklus

En poetisk vandring gjennom kjærlighetens ...

Tina Karoline Warhuus debuterer som forfatter ...

Forsker debuterer med sjelfulle dikt

Forsker debuterer med sjelfulle dikt

Fra forskningslaboratoriet og styrerommet ...

Nordnorske røyster samla i ny diktsamling

Nordnorske røyster samla i ny diktsamlin...

Når nordavinden blæs over Lofoten, ...

Christer Björck, fra mørke til lys

Christer Björck, fra mørke til lys

I boka Bak masken tar Christer Björck ...

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Teater og revy

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» inntar Nationaltheatret

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» ...

Våren 2025 kan det norske publikummet ...

Rørende, morsomt og filosofisk på samme tid

Rørende, morsomt og filosofisk på samme ...

Benedicte Izabell Ekeland bergtok og begeistret ...

Myrkdalen møter hausten med latter

Myrkdalen møter hausten med latter

Siste helga i september kan du få trimma ...

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsen, Garborg og Grieg får en real ...

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...