Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug (red.): Skrift og strid - essay om Henrik Rytter

11.01.2011
Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug (red.): Skrift og strid - essay om Henrik Rytter
Skrift og strid - essay om Henrik Rytter

NY BOK: Skrift og strid er ei bok om diktaren, omsetjaren og essayisten Henrik Rytter (1877–1950). I si tid var han rekna som ein av dei største diktarane i Noreg, og mange meinte han var den største.

Ifølgje Ragnvald Skrede var Rytter Arne Garborgs arvtakar – og slik sett målrørslas viktigaste litterat i 20-, 30- og 40-åra. I 1929 skreiv Olav H. Hauge: «[Rytter] er på mange måtar eit fenomen. For det fyrste hev han no skapt seg eit diktarspråk som vore Shakespeare eller Homer verdig.»

Boka inneheld essay om Rytters mest omfattande omsetjingar: Dantes Den guddomlege komedien, Boccaccios Decameronen, Beowulf, 23 av Shakespeares skodespel og nynorsk-omsetjinga av Henrik Ibsens Peer Gynt. I tillegg inneheld boka biografiske essay om målmannen og det politiske stridsmennesket Henrik Rytter. Her er òg Rytters ti beste dikt, attåt innleiinga han skreiv til Shakespeare-omsetjingane, ei novelle frå Decameronen, utdrag frå Peer Gynt og Den guddomlege komedien. Og som ein historisk og politisk kuriositet: valmanifestet Rytter like etter den andre verdskrigen skreiv for Noregs Kommunistiske Parti.

Forfattarane: Johannes Gjerdåker, Kristin Gjerpe, Heming Gujord, Paal-Helge Haugen, Per Hovdenakk, Sindre Hovdenakk, Leif Høghaug, Klaus Johan Myrvoll, Arthur O. Sandved, Ronny Spaans og Aasne Vikøy.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Skrift og strid - essay om Henrik Rytter,

Nyheter

Ljoset skin som sterkast i mørket

Ljoset skin som sterkast i mørket

Den 21 år gamle jærbuen Sondre ...

– Vi består av mange lag

– Vi består av mange lag

Lektor og poet Tora Ytterland Silseth er ...

Alt har to sider, eller flere

Alt har to sider, eller flere

Anne-Margrethe Hovet lar sukkeret forsvare ...

Fra jord er du kommet, gjennom ord skal du bli

Fra jord er du kommet, gjennom ord skal du ...

Kenneth M. Lydersen debuterer med en diktsamling ...

Kjærlighetens mangfold i musikalsk form

Kjærlighetens mangfold i musikalsk form

Bjørn Ove Høyland er aktuell med ...

Teater og revy

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» inntar Nationaltheatret

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» ...

Våren 2025 kan det norske publikummet ...

Rørende, morsomt og filosofisk på samme tid

Rørende, morsomt og filosofisk på samme ...

Benedicte Izabell Ekeland bergtok og begeistret ...

Myrkdalen møter hausten med latter

Myrkdalen møter hausten med latter

Siste helga i september kan du få trimma ...

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsen, Garborg og Grieg får en real ...

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...