Nokre ord fant tonen og vart ei setning, resten er historie

04.11.2014
Nokre ord fant tonen og vart ei setning, resten er historie
Forfatterfoto

Boka er i hovudtrekk kvardagsforteljingar innpakka i lek med ord, humor og fargar. Forteljingane kan komme når du minst venter det; på veg til jobb, om natta når du eigentleg skal sove, men som oftast om kveldane når roen har senka seg.

Stig Erlend Midtgård, f. 1974, bur på Sola med kone, to barn og ein katt, men er fødd og vaksen opp på Avaldsnes, Karmøy. Han er utdanna sjukepleiar og jobbar i psykisk helseteneste, og som frilansjournalist.

Arnstein Jacobsen, f. 1975, bur i Herning, Danmark saman med kone og fire barn. Fødd og oppvaksen på Avaldsnes, Karmøy, men utvandra over Skagerrak for 15 år sidan. Arnstein er utdanna sosialpedagog, og jobbar med utsette unge i kommunal regi. Arnstein er sjølvlært malar.

- Vi er to barndomskamerater som på kvar vår kant har sysla med å måle bilete og å skrive tekster. Arnstein var langt nedi kjellaren i huset sitt i Hammerum, Danmark, og begynte å male bilete, mens Stig Erlend sat og skreiv korte dikt og forteljingar via Twitter frå sofaen på Sola. Då vi møtte kvarandre på sommarferie i fjor, kom ideen om å slå oss saman for å gje ut ei dikt- og bildebok, fortel dei.

- Drivkrafta vår er vel at når man har noko å seie, så sei det ut entan med ord eller via en pensel med sterke fargar. Vi håper sjølvsagt på å kunne gje litt inspirasjon til andre som ikkje kjem heilt i gang med å realisere drømmane sine. Ein kan heller ikke sjå bort ifra at boka er et resultat av en begynnande 40 års-krise. Hvis vi kan få folk til å tenkje litt meir over dei små tingene i livet, så skal vi være svært godt nøgde med det, fortset dei.

Dei har ingen spesiell målgruppe, men boka er meint for alle som eigentleg liker å lesa og lar seg inspirere av tekst og bilete. Tittelen "Rabbel og Babbel" handlar enkelt og greitt om at Arnstein malar bilete, altså rabler, og Stig Erlend bablar og filosoferer slik at det blir ein tekst av det til slutt. Herr Rabbel og Herr Babbel er deira nye alter ego. Myk sofapoesi malt med fargerik pensel, er kort fortalt kva det handlar om.

Dette diktet meiner dei er representativt for boka:

Stille lengde

Eg står på to bein.

Samla og ute av balanse.

Klar til å hoppa ut i det.

- Hvis boka kan spegle litt av den gleda vi har hatt med å jobbe med den, og at leserane kjenner seg igjen i noko av det og lar seg begeistre, kan vi være tilfreds med det. Vi har absolutt ingen ambisjonar om å ha forfattar- eller maleryrke som eit levebrød, bare å få litt utløp for kreativitet gjennom ein morosam hobby, avsluttar forfatterane. 

Carsten Flo

Nyheter

Dikt om sorgens ansikter

Dikt om sorgens ansikter

Den 3. januar var en helt vanlig dag. Helt ...

Bilder og dikt

Bilder og dikt

Helle Enger er aktuell med boka «Søster ...

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...