Å vera oppfinnar og rimsmed er ikkje alltid like lett

02.06.2015
Å vera oppfinnar og rimsmed er ikkje alltid like lett
Karsten Oksavik

Som innleiing fortel forfattaren Karsten Oksavik:
Ein mann sa til meg: "Nei, eg orkar ikkje å lese romanar, dei er så kjedelege."
"Å," svara eg forundra: "Det seier du nok ikkje om du gjer deg kjend med den merkelege "Oppfinnaren" og dei andre personane eg fortel om. Kjem du først i gang, er det ikkje sikkert at du klarer å legge boka ifrå deg."

Han såg ned og mumla: "Om der er futt og fart og fantasi, så kanskje ...

"Ja visst!" svara eg med eit smil: "Og mykje varme og humor i tillegg. Eg fekk i allfall mang ein god latter under skrivinga, så noko smittar truleg over på deg under lesinga.

Han såg spørjande på meg: "Kva handlar så boka om?"

Der er fleire hendingar som flettar seg inn i kvarandre. Her er nokre stikkord:

Hovudpersonen, ein ungkar som heiter Jorulf, er ein svært original og fantasifull oppfinnar og rimsmed. Dei viktigaste drivkreftene i livet hans er draumen om å bli til noko stort - og draumen om å  finne den store kjærleiken. Men der er mange skjer i sjøen, og alt blir annleis enn planlagt.

Ei plagsam sladrekjerring og ein fåmælt einstøing spelar viktige roller, og ikkje minst den vakre og smilande butikkdama, som dessverre viser seg å ikkje ha reint mjøl i posen. Det utspekulerte fugleskremselet «Hans Majestet», ei av hans mest geniale oppfinningar, blir ikkje berre ein dundrande fiasko, men får eit heilt uventa etterspel. Og konsekvensane blir annleis enn nokon kunne ha drøymt om.

Trass i mykje motgang er Jorulf ein ukueleg optimist. Han likar å samanlikne seg med den amerikanske oppfinnaren Thomas A. Edison, og fantaserer om å bli like berømt som han. Difor kallar han seg også Jorulf A.

Eit viktig motto i boka er: Vanskar er til for å overvinnast. Eller som Jorulf sjølv seier i eit av sine vers:

Ein stor oppfinnar
må prøve igjen
om alt seier stopp.
Ein verkeleg vinnar
blir berre den
som aldri gjev opp.

 

Forfattaren Karsten Oksavik vart fødd i Hjørundfjord i 1944. Han har vore lærar, spesialpedagog og logoped fleire stader på Sunnmøre før han vart alderspensjonist. Nokre små forteljingar og dikt vart trykte i Norsk Barneblad, andre vart brukte i Søndagsposten (NRK). Ida Elisabeths kunstforlag tok med 17 av dikta hans i dei to bøkene Før sporene forsvinner (2003) og Gleder (2005).

Vegen frå idé til ferdig bok har vore  lang, seier forfattaren. Første notatet er frå 1984, då eg fekk lyst til å vere med i ein romankonkurranse. Planen min var å skrive ei humoristisk spenningsbok, ein slags «humor-krim», men eg mangla ein samlande tanke og fleire detaljar som kunne gjere personar og miljø levande og truverdige. Difor lukkast eg ikkje den gongen. Men idéen levde i tankane mine, og stundom noterte eg replikkar og morosame innfall som kunne brukast.

Mykje tankearbeid ligg bak skapinga av den originale oppfinnaren med alle hans merkelege påfunn. Etter mange års pause og modning, «livna» han liksom til i 2007. Då endra han namn frå «Ola» til «Jorulf», og boktittelen vart forenkla til «Oppfinnaren». Men enno mangla noko som kunne setje ein «spiss» på forteljinga. Oppfinnaren skulle også bli ein original rimsmed, eller situasjons-poet,    som kunne setje treffande ord på tankar og hendingar. Eg hjelpte han med å skrive vers, som han inspirerte meg til. Stadig fleire rim vart fletta inn i teksten, for å understreke og forsterke innhaldet. Og eg følte at desse innslaga verka som dei skulle.

Den av personane som har endra seg minst opp gjennom åra, er sladrekjerringa Karoline. Henne hadde eg ein levande modell til. I min barndom var ho ei gammal dame som gjekk rundt på gardane og hjelpte folk med litt av kvart. Når ho hadde fått rikeleg med kaffi, og vart i godt humør, fortalde så levande at det gjorde inntrykk på meg. Og fordi eg var ein interessert tilhøyrar, dikta ho vidare. Det vart personlege «eventyrstunder» om folk og hendingar frå eit langt liv. No har munnen hennar tagna for lenge sidan, og dei fleste har nok gløymt henne, men så lenge boka mi blir lesen, kan ho halde fram med å leve der. Dei andre personane er oppdikta.

Målgruppa er alle som likar å lese, og også dei som synest at romanar er «kjedelege».

Håpet er at boka vil nå  ut til mange som pris på varm humor, situasjonskomikk og litt spenning. I vår alvorlege tid, treng vi kanskje meir enn før humrande latter og glade smil, som kan oppmuntre oss i kvardagen.

Konklusjon:

Gjev du «Oppfinnaren» ein sjanse, så vil han prøve å gje deg ei lesaroppleving utanom det vanlege.

Svein Kåre Gunnarson

Stikkord i denne artikkelen
humor, roman, nynorsk,

Nyheter

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Bonenberger med si tredje bok

Bonenberger med si tredje bok

Hans Günther Bonenberger er aktuell ...

Intellektuell melkespreng

Intellektuell melkespreng

Drew Rodgers skriver dikt preget av ironi ...

– Jeg skiller meg ut

– Jeg skiller meg ut

Heidi Maria Steinback Sørensen tenker ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...