– Orda mine tok til å flagra.

25.05.2023
– Orda mine tok til å flagra.
Lyrikkforlaget
Hans Günther Bonenberger

Dikt som kan flyga, er det verd å lytta til.

Hans Günther Bonenberger har ein mangslungen bakgrunn. Han er fødd 1950 i Neuruppin (DDR). Han flykta saman med mor og søster til Vest-Berlin, der starta han sitt første år i barneskulen, i bydelen Neukölln. 

 

Hans skulle få reisa på ein ferietur til Noreg som Berlinerbarn, trudde han. I staden vart han bortadoptert og fekk namnet Hans Gunnar ved dåp, for å verta nordmann.

– I godt vaksen alder endra eg namnet mitt til det opphavelege, Hans Günther Bonenberger, og etter det har eg langt på veg funne tilbake til røtene mine, til meg sjølv, seier Bonenberger.

Alt som barn viste han ulike interesser. Først var det idretten, der han i årevis dreiv med friidrett. samstundes hadde han alt som liten gut, interesser for natur og planter. Ein kunne finna Hans liggjande i eit blomebed og stella med plantene som om dei skulle vera barn. Kanskje ei sær interesse for ein unge, men givande. Så langt han kan hugsa, har Hans Günther drive med song/musikk, i band eller soloframføringar.

Skriving i form av dikt har vore eit hjartebarn for han i årevis, men først nå dei siste to–tre åra, har ein del av desse funne sin plass mellom to permar. Som han sjølv seier:

– Orda mine tok til å flagra. Dikt som kan flyga, er det verd å lytta til.

 

Debutboka Lealaus grind vart utgjeven mars 2022 og oppfylgjaren Høytørkeseng kom våren 2023.

– Ideen til bok nummer to, sto klart for meg då siste diktet i bok ein var plassert. Eg kunne berre ikkje stoppa ved Lealaus grind. Til det var det altfor mykje som svirra i hovudet mitt, om dei store spørsmåla. Kvar står eit menneske i notid, fortid og framtid? Som eg sa i bok nummer ein: Alt heng saman. Det er noko av det det dreiar seg om i Høytørkeseng også. Me lever ikkje i eit vakum og me treng stadig halda ved like og utvikla historiekunnskapane våre, sier Bonenberger.

– Slik eg ser det, er ein del av uttrykka som vert viste i dagens samfunn, der makta rår, for mykje prega av ei her og nå-tenking der semje er målet. Det kan no vera grenser for bytehandel, meiner eg. Denne stadige søkinga etter konsensus, framstår for meg som ein runddans og endar gjerne som samrøre.

 

Mange av dikta i boka, tek utgangspunkt i det reelle og nokre av dei også i personleg røyndom.

– Men samstundes prøver eg å visa at det står mykje skrive mellom linjene, som i dikta Verpehuset og marknadsflesk. Det ligg ein viss moral i personane sine handlingar. For å betre forstå denne dobbeltheita, trengs eit ope lesarsinn. Begge desse dikta har mykje politikk i seg, det eine meir direkte enn det andre, samstundes kan ein sjå både eventyr og lagnad i begge, forklarer forfattaren.

 

Bonenberger meiner boka skil seg ut frå ein del andre bøker ved at dikta er varierte i form og innhald, frå dei helt korte til lengre og dei meir tradisjonelle dikta.

– Det meste eg skriv om, ser eg ofte i større samanhengar eller sagt på ein annan måte: Tidshorisontane mine er lengre enn forstanden. Dei lange perspektiva er god føde for både kropp, sinn og ikkje minst skrivegleda. Det er berre å ta steget ut i det ukjende, seier Berlinerbarnet.

– Og så får eg nemna at hovudet mitt er godt i gang med å finna ut av kva neste bok skal romma, men før den ligg pynta og ferdig, er det mange tankar og ord som skal til elting.

 

Redaktør -

Nyheter

– Jeg skiller meg ut

– Jeg skiller meg ut

Heidi Maria Steinback Sørensen tenker ...

–	Fordelen med å være redd for mye er at det ikke krever så mye å utfordre seg

– Fordelen med å være redd for mye er at ...

Liv Rønnaug Kråkevik Åberg ...

Tøffe tider i helsevesenet ble til bok

Tøffe tider i helsevesenet ble til bok

Kristine Ådnanes Skogland har skrevet ...

Øyeblikksmøter høyt over asfalten

Øyeblikksmøter høyt over asfalten

Unni Holtedahl har skrevet asfaltdikt.

Tankar kan ikkje stengast av høge fjell

Tankar kan ikkje stengast av høge fjell

Under dei høge fjell vaks Greidungs-brørne ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...