Uendeleg mange kilometer

08.06.2023
Uendeleg mange kilometer
Forlagshuset Publica
Jarl Wåge

Jarl Wåge er ein kunstnar med ord. No har han samle eit knippe tekstar frå eit langt liv. – Uendeleg mange kilometer. Forteljingane har blitt til på vandringar i inn- og utland, smiler Wåge.

Ein forteljararv er vekt til live.

– I ei tid der digitale duppedingsar stel mykje merksemd, er det viktigare enn nokon gong med det levande ordet, påpeker nordfjordingen, som har laga ei samling forteljingar til å le av, bli engasjert av, kjenne seg att i og til å tørke ei tåre av.

Jarl Wåge er fødd i 1948), i Nordfjord. No bor han i Stavanger. Wåge er tidlegare lærar, no forfattar, skribent, samfunnsdebattant, kåsør og forteljar. Han er vinnar av StorySLAM sin GrandSLAM finale på Rockefeller i 2016 og har sidan det turnert med fleire forteljarforestillingar. I 2021 gav han ut diktsamlinga Lappeteppe.

I staden for å intervjue Wåge om mangt og mykje, vel me å syne ei av tekstene frå boka hans.

 

DÅ EG JUKSA TIL EKSAMEN I SLØYD

Som lærar hender det at eg tek elevar i juks. Det er aldri morosamt for dei som blir tatt med buksene nede. Det endar med skamrødme, tårer, ikkje karakter på prøven og nedsett karakter i åtferd.

No skal eg, i beste amerikanske kristenfundamentalistvekkjelsespredikantstil, bryte saman og tilstå at eg og har juksa. Til eksamen til og med. I sløyd. Eg og ein fiskeskippar frå vest ved havet.

For lenger sidan enn eg likar å vedgå, var eg elev ved Måløy Realskule. Det var ikkje kva som helst slags realskule. Det dei aller fleste kunne bruke tre år på, måtte elevane her gjere unna på to. Dessutan hadde ikkje skulen rett til å arrangere eksamen, noko som innebar at vi måtte gå opp som privatistar i absolutt alle fag.

Så den sommaren eg fylde 15 skulle eg opp til eksamen i skjønnskrift, teikning, kroppsøving og sløyd. I sløydfaget var eg totalt ubrukeleg. Og då meiner eg ubrukeleg. Så det var med bivrande hjarte eg møtte opp i sløydsalen, tidleg ein junimorgon i 1963, for å få utdelt eksamensoppgåva. Det vi skulle lage, var eit trillande rundt gryteunderlag kvilande på ein korsfot. Saman med oppgåva fylgde det to fjøler. Det var berre det at i mine to fjøler ikkje fanst eit einaste gryteunderlag. Ei heller ein korsfot. Første steg på vegen mot eit produkt var overkommeleg. Nemleg å teikne ein sirkel på eine fjøla med diameter på 20 cm. Det var då eg skulle sage ut sirkelen at helvete braut laus. Dette var lenge før elektriske sirkelsager gjorde sitt inntog i sløydsalane, må vite. Eg måtte bruke eit forhistorisk monster av ei sag med treramme, tau på tvers og strammepinne. Kva no han skulle brukast til? Sagbladet var mjukt og ustyrleg, og det levde sitt eige liv. Klassekameratane mine hadde sikkert heilt andre slags sager, for dei saga fort og greitt ut dei skulle sage ut. Eg, derimot, fikla og fomla og sagde i eit slags forunderleg bølgjemønster. Plutseleg tok sagbladet ein svipptur innanfor streken og laga eit hakk. På toppen av det heile klarde eg å sage meg til blods, og vips var det også blodflekkar på det potensielle gryteunderlaget som såg ut som alt anna enn nettopp det. Med gråten i halsen og tårer i augo innsåg eg at eg nok kom til å stryke i sløyd. Det ville innebere at eg måtte gå om att eit heilt år ved Måløy Real.

Då stod han med eitt ved sida av meg. Eksamensvakta. Fiskeskipperen. Traust, stor. Fura og vêrbiten. Merkt av farlege turar i storm ved Stad. Eg kjende eit søkk i magen. Hadde han tenkt å foreslå at eg berre kunne gje opp og gå heim? Han hadde ikkje det.

«Skal eg hjelpe deg?» sa han lågt. Hjelpe meg? Gjekk det an då? Eksamensvakta hjelpe meg til eksamen? Kva ville klassekameratane mine seie? Eg kikka meg rundt. Dei var i si eiga gryteunderlagboble og let ikkje merke til nokon ting.

«Ja», kviskra eg og tørka ei tåre. Raskt og effektivt saga han ut rundingen slik at eg òg hadde eit gryteunderlag. Dermed var eg eitt steg nærmare eit ferdig produkt. I ettertid har eg tenkt på korleis han, handymannen, må ha klødd i fingrane etter å gripe inn, der han sat og observerte meg, hjelpeløysa personifisert, utføre snekkarfagleg radbrekking av råmaterialet. Til slutt klarde han vel ikkje la vere.

Så var det korsfoten. Den skulle målast, sagast, skjærast ut, fellast inn, limast og skruast. Og der stod eg, som ei bibelsk saltstøtte, og let som om eg studere teikninga inngåande. Det einaste korset eg nærma meg, var det eg følte eg var i ferd med å bli spikra opp på. Dermed dukka dei opp igjen, dei fortvila stryke-til-eksamen-tankane. Då stod han der igjen, engle-skipperen min.

«Du treng visst meir hjelp, du», konstaterte han. Eg gjekk ikkje inn i ein heftig diskusjon med han om det, men gjekk til side og let han overta. Han målte, saga, skar ut, felte inn, limte og skrua. Og eg? Eg stod der som ein offentleg utnemnd observatør.

Takka vere han hadde eg òg, på slutten av dagen, nett som klassekameratane mine, eit rundt gryteunderlag, kvilande på ein korsfot, å sende av garde til ein sensor ein annan stad i landet.

Fiskeskipperen min stod til eksamen i sløyd, han. Han fekk karakteren T, tilfredsstillande, som det heitte den gongen. Som ein 4’ar i dag. Hadde ikkje eg rota det til for han med hakk og blodflekkar, hadde han sikkert fått betre karakter. Meg frelste han frå å bli han eleven som år etter år gjekk opp att til eksamen i sløyd ved Måløy Real.

Så på min stjernehimmel er ein fiskeskippar frå vest ved havet ei av stjernene som skin aller klarast. Av og til blunkar vi lurt til kvarandre.

 

Redaktør -

Nyheter

– Jeg skiller meg ut

– Jeg skiller meg ut

Heidi Maria Steinback Sørensen tenker ...

–	Fordelen med å være redd for mye er at det ikke krever så mye å utfordre seg

– Fordelen med å være redd for mye er at ...

Liv Rønnaug Kråkevik Åberg ...

Tøffe tider i helsevesenet ble til bok

Tøffe tider i helsevesenet ble til bok

Kristine Ådnanes Skogland har skrevet ...

Øyeblikksmøter høyt over asfalten

Øyeblikksmøter høyt over asfalten

Unni Holtedahl har skrevet asfaltdikt.

Tankar kan ikkje stengast av høge fjell

Tankar kan ikkje stengast av høge fjell

Under dei høge fjell vaks Greidungs-brørne ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...