Ljoset skin som sterkast i mørket

12.12.2025
Ljoset skin som sterkast i mørket
Sondre Åsbø

Den 21 år gamle jærbuen Sondre Åsbø debuterer i 2026 med diktsamlinga På grusvegen. I ei tid prega av glede, men kanskje mest tyngsle, skriv han fram det universelle i det personlege.

 

Det starta med ein togtur på Jærbanen. Utanfor vindauget rullar landskapet forbi – dei mange grusvegane som kryssar det vêrbite jærlandskapet. Sondre Åsbø sit der og tenkjer på alle dei som har gått desse vegane i allslags vêr og vind. Det var eit fint og passande motiv, tenkte han. Slik blei diktsamlinga På grusvegen til.

I dag er Åsbø ektemann, tobarnsfar og norsklektorstudent. Men kanskje mest av alt er han forfattar. 

– Frå eg var liten har eg alltid vore kjenslevar. Det har vore både ei forbanning og ei velsigning, fortel han. – Så har eg funne ymse arenaer der forbanninga har blitt ei velsigning. Blant anna ved å løfte vekter og springe.

For Åsbø går det fysiske og det litterære hand i hand. Å presse kroppen til randen er sunt, meiner han, på same måte som hjernen må pressast til randen for å fungere optimalt. Utanom trening og skriving finn ein han gjerne framfor ein Tarkovskij-film, på museum eller konsert. Men lesing og skriving står hjarta hans nærast. 

– Og det kjem ikkje til å endrast nokon gong, seier han bestemt.

 

På grusvegen er ei bok prega av kontrastar. Her finn lesaren kaos og pistolskot side om side med blomar og eldfluger. Gravferd og sjølvmord møter voggesong og fuglesong. Det er mørkt, medgir forfattaren, men det er nettopp difor ljoset skin som sterkast.

– Boka er eit slags paradoks, for den er så utoleleg mørk, men det er likevel då ljoset skin som sterkast, forklarer Åsbø. 

Han meiner tema i boka er universelle – dei same kjenslene som både Salomo og Baudelaire har kjent på. 

– Sånn sett er boka høveleg for alle menneske, men moglegvis særskilt dei som ber ein tung sekk med medfødde og erverva tyngslar.

Sjølv er han open om at livet har vore vêrbite. Død, sakn og ein sterk eksistensiell lengsel etter meining har prega tilværet. Det er med poesien at han uttrykkjer ein ung mann sin desperate søken etter denne meininga. Men kor mykje er fiksjon, og kor mykje er henta frå verkelegheita?

– Fiksjon er ofte meir verkeleg enn røyndom, svarar Åsbø. – Det er jo som når menneske tek på seg ei maske, at dei fyrst då verkeleg blir seg sjølv. Og eg kan jo berre seia at alt i boka er fiksjon, for då har eg ikkje noko skyldnad i det heile. Så kva står me igjen med då? Fiksjon eller røyndom? Eg veit ikkje.

 

Åsbø har lese mykje av poetar som fyrst blei heidra langt etter dei gjekk av med døden. God poesi. Djuptloddande poesi. Tidlaus poesi. Og han er ærleg på at alt han skriv, eigentleg er skrive før. 

– Inkje nytt er skrive, berre ordlegginga, seier han. – Korkje eg eller boka er original, nytenkjande, nyskapande eller banebrytande. Det er same song, berre ein annan som syng, og difor skil boka seg ut. Eg har valt autentisitet.

Dette er berre hans tilskot til det mykje som har blitt sagt i forsøket på å seie det useielege, understrekar han.

Skriveprosessen hans er organisk. Åsbø går rundt med fleire bøker i hovudet kvar dag. Observasjonar og kjensler blir fort til ord, som blir til enkle rim, som blir til strofer. Notat-appen på mobilen får hardt arbeid. 

– Så må eg skrive det ned då (viss eg hugsar det), legg han til med eit smil.

 

Kva skjer vidare? Som alltid har Åsbø fleire prosjekt i hovudet. Det kan godt skje at det kjem ei bok eller to til, moglegvis ein oppfølgjar. Eller det blir strengt tatt ikkje ein «oppfølgjar», presiserer han, for dikt blir aldri fullførte, berre forlatne, som Paul Valéry sa.

– Men grusvegen forlet eg ikkje med det fyrste. Moglegvis tek eg fatt og skriv meir om han. Me får vel berre sjå.

Inntil vidare kan lesarane vandre med Åsbø på grusvegen, gjennom mørket og mot ljoset, ei ferd der smerte og von går hand i hand. For som han sjølv seier det: 

– Det er når mørket er som djupast at ljoset skin som sterkast.

 

Redaktør -

Nyheter

Lengselen etter å være skrivende

Lengselen etter å være skrivende

Kristina Dvergsdal debuterer med diktsamlingen ...

Ljoset skin som sterkast i mørket

Ljoset skin som sterkast i mørket

Den 21 år gamle jærbuen Sondre ...

– Vi består av mange lag

– Vi består av mange lag

Lektor og poet Tora Ytterland Silseth er ...

Alt har to sider, eller flere

Alt har to sider, eller flere

Anne-Margrethe Hovet lar sukkeret forsvare ...

Fra jord er du kommet, gjennom ord skal du bli

Fra jord er du kommet, gjennom ord skal du ...

Kenneth M. Lydersen debuterer med en diktsamling ...

Teater og revy

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» inntar Nationaltheatret

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» ...

Våren 2025 kan det norske publikummet ...

Rørende, morsomt og filosofisk på samme tid

Rørende, morsomt og filosofisk på samme ...

Benedicte Izabell Ekeland bergtok og begeistret ...

Myrkdalen møter hausten med latter

Myrkdalen møter hausten med latter

Siste helga i september kan du få trimma ...

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsen, Garborg og Grieg får en real ...

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...