Ta eit djupt pust

10.05.2021
Ta eit djupt pust
Lyrikkforlaget
Marthe Haugerud

– Andedraget gjer at me kan leve i lekamen og oppleve livet på mange forskjellige vis, seier Marthe Haugerud, som er aktuell med si andre bok. Den har fått tittelen Andedrag.

 

– Eg har alltid vore interessert i bøker, tekst, litteratur og språk og er oppvaksen i ein heim der kunst, kultur og litteratur var ein naturleg del av danninga, fortel Haugerud.

– Eg har hatt masse bøker rundt meg i oppveksten. Stefar er lokalhistorikar og forfattar, mor les korrektur, ei søster er utdanna bokbindar og ei anna søster er artikkelskribent. Familien har eit antikvariat i låven heime på garden.

 

Haugerud arbeider og visuelt med fotografi og skaper skulpturar og installasjonar i naturmateriale, Tekstil er hennar primære fagområde.

– Eg har alltid vore glad i å skrive og har lese mykje. Korte tekstar på dialekt/nynorsk er formen eg naturleg uttrykker meg i. Tekstar som skaper bilete, seier Haugerud. Hennar førebilete er folk som Aslaug Vaa, Liv Holtskog, Olav H. Hauge og Jon Fosse.

 

Teksten i Andedrag har ho arbeidd med over eit halvt år.

– Det er tider da eg har meir tid til å væra i kreative prosessar. Når eg sett meg ned og er i den rette stemninga, kjem tekstane mest av seg sjølv.

Ho debuterte i 2020 med tekst- og biletsamlinga Skogstrådar, som no er transformert til lydbok.

– Eg er veldig takknemleg for at Lyrikkforlaget har vore ein så god samarbeidspartner med to bokprosjekt og eit lydbokprosjekt presentert med tekst og stemme av scenekunstnar Siw Laurent Myrdal.

 

Andedrag er hennar andre utgjeving og ho er spent på mottakinga. Tekstane er små og korte og kan lesast på fleire vis. Derfor vil boka opplevast ulikt frå lesar til lesar.

– Eg har valt å legge inn nokre få bilete innimellom tekstane. Det er foto som eg har tatt sjølv denne vinteren. I tillegg er det nokre tusjteikningar av dottera mi, Astrid Mathea, som er 13 år. Det er stor stas at ho tar del i mine tekstar og vil illustrere på denne måten, seier forfattaren stolt.

 

Når ein skriv biletlege tekstar er dei ei overveiing å illustrere. Illustrasjonane kan døyve teksten i staden for å berike den. Balansegangen er hårfin.

– Eg har valt å legge inn minimalistiske foto og enkle teikningar som kan gje lesaren eit lite kvileblikk blant tekstane, forklarer Haugerud, som kan fortelje at tekstane er ei blanding av fantasi, røyndom, politiske vinklingar og kunsthistoriske referansar.

– Eg skriv det som kjem til meg, ofte i ei blanding av ord og bilete. I denne boka er det andedraget som er ei drivkraft gjennom heile teksten, slik det også er i livet. Me er forbunde med lufta på eit særskilt vis. Andedraget gjer at me kan leve i lekamen og oppleve livet på mange forskjellige vis. Eg er veldig glad eg har fått moglegheit til å skrive og gje ut mine tekstar i desse tider.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Byggebransjemann med klare meninger

Byggebransjemann med klare meninger

Øivind Ørnevik skriver ofte dikt ...

Dikt på servietter

Dikt på servietter

Sverre Kragset bruker det han har for hånden ...

Teater og revy

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer til Sandnes kulturhus 5. og 6 mai

CIRKUS CIRKÖR på norgesturné - og kommer ...

Svenske nysirkusstjerner sprenger grenser ...

Hold deg fast, og velkommen til Nordting!

Hold deg fast, og velkommen til Nordting...

Furoren seiler i kjølvannet når ...

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Andrea Bræin Hovig og Gine Cornelia Pedersen

Teaterstykket Closer med Nicolai Cleve Broch, ...

CLOSER Av Patrick Marber Oversettelse og ...

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Heia Flåklypa! På turné med Riksteatret

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen ...